Dyan Birch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dyan Birch
Fødd25. januar 1949
FødestadLiverpool
Død10. oktober 2020 (71 år)
OpphavStorbritannia
Instrumentvokal
Verka somsongar

Dyan Joan Birch (25. januar 194910. oktober 2020) var ein engelsk songar.

Birch arbeidde som tenåring i platebutikken til Brian Epstein i Liverpool. I 1969 skipa ho og venene hennar bandet Arrival og flytta til London.[1] Gruppa hadde to britiske hittar i 1970, «Friends» og «I Will Survive», begge med Birch, og spelte på Isle of Wight Festival det året.[2] Gruppa vart seinare utvida og endra stil, og vart til Kokomo, som fekk suksess i London midt på 1970-talet. FLeire medlemmar av bandet vart respeterte studiomusikarar,[2] og Birch vart korsongar på fleire plater av Bryan Ferry, Gloria Gaynor, Frankie Miller, Marianne Faithfull, Manfred Mann's Earth Band og Alvin Lee.[3]

Ho var yngre syster av Pamela Birch frå The Liverbirds.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hardy, Phil; Laing Dave, The Encyclopedia of Rock, Volume 3, p. 26. Panther 1976. Henta 19. juli 2021
  2. 2,0 2,1 Richard Williams, «Dyan Birch 1949-2020», The Blue Moment, 19. juli 2021. Henta 19. juli 2021
  3. Dyan Birch Discography, Yahoo! GeoCities (extracted from Wayback Machine). Henta 20. oktober 2020