E.B. White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
E.B. White

Statsborgarskap USA
Fødd 11. juli 1899
Mount Vernon
Død

1. oktober 1985 (86 år)
Brooklin

Yrke lyrikar, skribent, journalist, romanforfattar, manusforfattar, redaktør, essayist, barnebokforfattar
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, American Academy of Arts and Letters
Mor Jessica Wallace Hart
Ektefelle Katharine Sergeant Angell White
Born Joel White
Signatur
E.B. White på Commons

Elwyn Brooks White (11. juli 18991. oktober 1985) var ein amerikansk forfattar kjend som E. B. White.

Den omfattande forfattarskapen til White strekte seg frå satire til barnelitteratur. Han skreiv ofte frå eit ironisk tilskodarperspektiv. Temaet for bøkene han var ikkje sjeldan fridommen til den enkelte, så òg i hans klassiske barneboktrio av Charlotte's Web, Stuart Little og The Trumpet of the Swan. Desse tre er blant dei mest kjende barnebøkene i USA, og er òg blitt filma ved fleire høve.

Liv[endre | endre wikiteksten]

E.B. White var fødd i Mount Vernon i New York, og tok graden Bachelor of Arts ved Cornell University 1921. I universitetstida si var han verksam som redaktør for studentavisa The Cornell Daily Sun. Deretter skreiv han for The Seattle Times og Seattle Post-Intelligencer, før han vende tilbake til heimstaten New York 1924.

I 1925 gav White ut den fyrste artikkelen sin i The New Yorker. Han avanserte raskt til å bli tilsett, og blei verande ved bladet i nær seksti år. Med tida blei han den viktigaste profilen til New Yorker, og bidrog mykje til det gode ryktet til tidsskriftet. Mellom 1938 og 1943 skrev han òg ein del for Harper's Magazine.

Seint på 1930-talet byrja White verksemda si som barnebokforfattar. Den fyrste barneboka hans, Stuart Little, kom ut etter slutten av krigen i 1945. I 1952 følgde Charlotte's Web. Begge blei hylla av kritikkar, og førte til at han fekk Laura Ingalls Wilder Medal i 1970, ei av dei fornemste amerikanske utmerkingane ein kan få som barnebokforfattar. Same året gav han ut den tredje barneboka si, The Trumpet of the Swan, som òg kom å bli løna med fleire prisar.

I 1959 redigerte White skrivehandboka The Elements of Style. Boka blei godt motteken, og blir framleis nytta som litteratur ved skrivekurs.

I 1978 vann White Pulitzerprisen for livsverket sitt. Han døydde i 1985 på garden sin i North Brooklin i Maine, etter ei lang tid med Alzheimers sjukdom. Han blei kremert og oska hans blei gravlagd ved sida av kona hans, forfattaren Katharine Sersjant Angell White, ved Brooklin Cemetery.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Fox of Peapack
  • The Lady Is Cold
  • Every Day Is Saturday
  • Farewell to Model T
  • Quo Vadimus? Or, The Case for the Bicycle
  • One Man's Meat
  • Once More to the Lake
  • The Points of My Compass
  • The Second Tree from the Corner
  • The Essays of E.B. White
  • The Ring of Time
  • Letters of E.B. White
  • Poems and Sketches of E.B. White
  • The Wild Flag
  • Charlotte's Web
  • Stuart Little
  • The Trumpet of the Swan
  • The Elements of Style
  • A Subtreasury of American Humor
  • Is Sex Necessary? (med James Thurber)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: E.B. White