ENIAC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
ENIAC

ENIAC var ein av verdas første programmerbare elektroniske datamaskinar. Namnet stod for Electronic Numerical Integrator and Computer. Han vart utvikla for hæren i USA, og kom i drift i 1946, eit par år etter den britiske maskina Colossus. Målet var å rekna ut ballistiske tabellar for skyting med artilleri, og maskina var i drift fram til 1955.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!