EU-domstolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Europadomstolen i Luxembourg
Logo

EU-domstolen eller Den europeiske unions domstol er det høgaste organet for den dømande makta i Den europeiske unionen. Han har sete i Luxembourg. Domstolen har fleire funksjonar. Han er ein forfatningsdomstol som har i oppgåve å tolka EU-lovgjevinga for å sikra at ho blir tolka likt i alle landa ho gjeld i. Vidare er han ein forvaltningsdomstol som kan prøva om EU-organ har gjort lovlege vedtak i enkeltsaker, domstol for skilsdom og sivil domstol for privatpersonar, verksemder og organisasjonar som meiner rettane deira er krenka av ein EU-institusjon, eller at EU-vedtak som direkte gjeld dei er ugyldige.

EU-domstolen har ein dommar frå kvar medlemsstat, og er leia av ein president. I tillegg bistår ni generaladvokatar med å leggja fram upartiske forslag til saksavgjerder.

Domstolen er delt inn i to organ: Domstolen og Underretten. Eit tredje organ, Personalretten eller Domstolen for personalsaker, fungerte som ein særdomstol for personalsaker fram til avskipinga 1. september 2016. Rådet og EP kan oppretta fleire særdomstolar om det er nødvendig.

Domstolen blei oppretta i 1952 som domstolen for Det europeiske kol- og stålfellesskapet, EF-domstolen frå 1958. I samband med Lisboa-traktaten i 2009 bytta han namn til Den europeiske unions domstol, eller EU-domstolen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]