East New Britain-provinsen
Utsjånad
| East New Britain | |||
| provins | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Kokopo | ||
![]() East New Britain-provinsen 5°10′00″S 151°45′00″E / 5.1666666666667°S 151.75°E | |||
| Wikimedia Commons: East New Britain Province | |||
East New Britain er ein provins på Papua Ny-Guinea. Provinsen ligg i Bismarck-øyane og omfattar austdelen av øya New Britain og Duke of York-øyane. Kokopo har vore provinshovudstad sidan 1994, då den tidlegare hovudstaden Rabaul blei råka av eit vulkanutbrot.

Det blir tala seksten austronesiske språk i provinsen. Kuanua som blir tala av tolaiar på Gazelle-halvøya er det mest utbreidde.
Mange av innbyggjarane driv sjølvbergingsjordbruk. Det blir også dyrka kopra og kakao for sal, og turisme er i vekst.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Provinsen er delt inn i fire distrikt:
- Gazelle
- Kokopo
- Pomio
- Rabaul
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «East New Britain Province» frå Wikipedia på engelsk, den 3. april 2013.

