Eboli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamlebyen i Eboli

Eboli er ein by og ein kommune i provinsen Salerno i regionen Campania i Italia. Kommunen har 39 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 137,6 km². Byen ligg på sørsida av Sele-dalen, 145 meter over havet.

Eboli er kjend som eit senter for landbruk, i særleg grad for sin olivenolje og mjølkeprodukt. Ein mozzarella-ost laga av mjølk frå vassbøffel er vide kjend.

Ein stor innandørs-arena, PalaSele, med plass til 8 000 tilskodarar er bygd i Eboli.

I fylgje ei lokale seiandesegn stoppa Jesus i Eboli. Den italienske forfattaren Carlo Levi nytta uttrykket «Jesus stoppa i Eboli» på ein roman der han skreiv om den vedvarande armoda i det aller sørlegaste Italia i byrjinga av det 20. hundreåret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]