Edinburgh of the Seven Seas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edinburgh of the Seven Seas i 2004

Edinburgh of the Seven Seas er den einaste busetnaden i øygruppa Tristan da Cunha. På øya er han berre kjend som «busetnaden» (eng. The settlement) eller «landsbyen» (eng. The village) sidan det ikkje finst andre busetnader.[1]

Edinburgh of the Seven Seas er rekna for å vera den mest avsidesliggjande busetnaden på jorda og ligg 2 173 kilometer frå næraste busetnad, som er St. Helena.[2] I landbyen er det ei lita hamn, eit postkontor og bustaden til administratoren, som leiar dei lokale myndigheitene.

Kart over Edinburgh of the Seven Seas

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart grunnlagd på øya Tristan da Cunha i 1816 av ein sersjant Glass etter at Storbritannia annekterte Tristan da Cunha. For å hindre eventuelle franske forsøk på å redde Napoleon frå fangenskapen på St. Helena heldt ein militærgarnison til på øya. Han blei der fram til slutten an andre verdskrig

Edinburgh of the Seven Seas er oppkalla etter Prins Alfred, hertug av Edinburgh, den andre sonen til Dronning Victoria, for å ære at han vitja øya i 1867.[3]

I 1961 vart busetnaden skada av eit vulkanutbrot og alle innbyggjarane måtte evakuerast til landsbyen Calshot i Hampshire i Storbritannia. I 1963 flytta dei fleste attende og bygde landsbyen opp att. Hamna fekk namnet «Calshot Harbour» etter den mellombelse heimen dei hadde under utbrotet.[4]

Landsbyen sett frå havet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Saint Helena Independent» (PDF). 25. mars 2011. s. s. 3. Arkivert frå originalen (PDF) 20. juli 2011. 
  2. «Tristan da Cunha Settlement of Edinburgh of the Seven Seas». Henta 30. januar 2016. 
  3. Courtney, Nicholas (2004). The Queen's Stamps. ISBN 0-413-77228-4, side 28. Vitjinga fann stad då hertugen [[jordomsegling|segla jorda rundt] på HMS Galatea. Tristan da Cunha postkontor gav ut fire frimerke i 1967 for å feire hundreårsjubileet for hendinga.
  4. «Tristan da Cunha's Calshot Harbour». Henta 30. januar 2016.