Edvard Langset
Edvard Langset | |
Pseudonym | Ola Vonheim |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. mars 1867 Langset i Straumsnes |
Død | |
Yrke | Forfattar, lærar |
Edvard Langset (9. mars 1867–12. mai 1924), òg kjend under pseudonymet «Ola Vonheim», var ein norsk forfattar, lærar og folkeminnesamlar. Frå 1917 var Langset statsstipendiat.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Edvard Langset vart fødd i 1867 på Langset i Straumsnes (no i Tingvoll kommune) på Nordmøre av foreldra Eli Olsdotter Langset og Ole Gundersen Langset. Han vart gift med Marta Lyngstad, og dei fekk 3 born. Edvard Langset døydde den 12. mai 1924.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Edvard Langset tok lærarutdanning på Klæbu seminar 1889-91, og arbeidde deretter som lærar i Bjugn eitt eller to år, i Hemne 1893-1906, i Frei 1906-1916 og i heimbygda frå 1916. Han var elev på Askov folkehøjskole 1899-1900 og følgde førelesingar i folkeminnevitskap i åra etter.
Han var leiar av Nordmøre ungdomslag, styremedlem i Nordmøre mållag og starta bygdemuseum i heimbygda. Han vart statsstipendiat i 1917. Langset var ein aktiv forfattar og skribent og gav ut i alt 13 bøker i si levetid. I 1948, 24 år etter at han døydde kom bok nummer 14, basert på delar av det omfattande innsamlingsarbeidet han gjorde.
Langset var leiar av Nordmøre ungdomslag, styremedlem i Nordmøre mållag og starta bygdemuseum i heimbygda. Han vart statsstipendiat i 1917.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]Forteljingar (romanar og noveller)
[endre | endre wikiteksten]- 1901 – Fred paa jordi : forteljing. Fosna, 1901. (23 s.)[1]
- 1902 – Fem Kvinnor : Forteljingar Kristianssund : Tvedte, 1902. (95 s.)[2]
- 1904 – Ein Uppfinnar : Forteljing. Kristiansund : John Johnsen Bog- og Aksidenstrykkeri, 1904. (123 s.; «Romsdalsposten’s Følgeton»)[3]
- 1908 – Fridomsstrid : forteljingar. Fosna, 1908. (57 s.)[4]
- 1908 – Menneskjor : forteljing. Fosna, 1908. (209 s.)[5]
- 1914 – Far : forteljingar. Nidaros, 1914. (39+9 s.)[6]
- 1923 – Ola Vonheim (pseud.): Gamle minne : forteljingar. Fosna, 1923. (45 s.)[7]
Skodespel
[endre | endre wikiteksten]- 1905 – Ein bondegut i Oslo : spelstykke. Fosna, 1905. (46 s.)[8]
- 1908 – Dronning Gyda : spelstykke i fire vendingar. Fosna : Marie Normanns efg., 1908. (134 s.)[9]
- 1915 – Ola Vonheim (pseud.): Naar kulturen skal bergast : spel i tri vendingar. Nidaros, 1915. (49 s.)[10]
Folkeminne
[endre | endre wikiteksten]- 1910 – Fraa Nordmør : eventyr, segner og gamle lækjeraader. Fosna [Kristiansund] : Marie Normans eftf., 1910. (43 s.)[11]
- 1915–18 – Norsk folkedikting for born. Fosna : [E. Langset], 1915-1918. (2 hf.)[12]
- 1921 – Folke-eventyr fraa Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 4) Kristiania, 1921. (viii+64 s.)[13]
- 1948 – Segner, gåter, folketru frå Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 61) Oslo, 1948. (186 s.; red. av Reidar Th. Christiansen)[14]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Langset, Edvard: Folke-eventyr fraa Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 4) Kristiania, 1921. (viii+64 s.)[15]
- Søk: «Langset, Edvard»[daud lenkje] på Bibsys
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
- ↑ BIBSYS[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Edvard Langset: Folke-eventyr frå Nordmør Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine. — nettutgåve frå Alnakka.net
- Edvard Langset: «Dei tri havmenn, og andre folkeminne fra Ørland, Bjugn og Stjørna» — nettutgåve ved Yrjar heimbygdslag i Ørland kommune
- Bøker av Edvard Langset digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket