Eilean Chaluim Chille
Utsjånad
| Eilean Chaluim Chille | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | 58°07′N 6°26′W / 58.11°N 6.44°W |
| Øygruppe | Ytre Hebridane |
| Areal | 0,85 km² |
| Høgaste punkt | Creag Mhor (43 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Ytre Hebridane |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Eilean Chaluim Chille (gælisk for «øya til St. Columba», Calum Cille) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland.
Ho ligg utanfor austkysten av Lewis ved innløpet til Loch Erisort. Ved lågvatn er Eilean Chaluim Chille knytt til Lewis via ein molo ved Crobeag.

Historie
[endre | endre wikiteksten]Sør på øya ligg ruinane av kyrkja til St. Columba. Dette var ein gong eit viktig religiøst senter og vart i 1549 omtalt som soknekyrkja i området. Det har truleg vore ei kyrkje her sidan rundt år 800, bygt av etterfølgjarane til St. Columba. St. Columba døydde på Iona i 597 e.Kr. Gravplassen her var i bruk fram til 1878. Eilean Chaluim Chille er verna av Historic Scotland som eit fornminne.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eilean Chaluim Chille» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Cromore Village». Lochs Community. Henta 25. februar 2010.