Eileanan Iasgaich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eileanan Iasgaich
Lokalt namn: Eileanan Iasgaich Mòr
Geografi
Eileanan Iasgaich is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°8′ N 7°19′ WKoordinatar: 57°8′ N 7°19′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,50 km²

Høgaste punkt 20 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Na h-Eileanan Iasgaich er ei lita øygruppe i Loch Boisdale, søraust for øya South Uist i Ytre Hebridane i Skottland. Dei enkelte øyane i gruppa er fråskilde kvarandre ved høgvatn, men heng saman ved lågvatn. Dei heng ikkje saman med den større naboøya South Uist. Øyane dekkjer om lag 50 hektar og det høgaste punktet på dei er 20 meter over havet.

Øyane har eit skrint jordsmonn og berggrunnen består av gneis.[1]

Namnet deira tyder «fiskeøyane» på skotsk-gælisk, sidan dei er langt større ved lågvatn og skapar fleire fiskefeller mellom seg.[1]

Det er fem større øyar i gruppa:

  • Eileanan Iasgaich Mòr
  • Eileanan Iasgaich Meadhonach
  • Eileanan Iasgaich Beag
  • Eilean nam Feannag
  • Eilean Bàgh Mhic Rois.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.