Eilert Bull Simonsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eilert Christian Bull Simonsen (13. oktober 186218. august 1922) var ein norsk reiarlagsdirektør frå Vågan.

I starten av karrieren arbeidde han i ymse dampskipsekspedisjonar og vart i 1894 direksjonssekretær i Det Bergenske Dampskibsselskab. I 1899 vart han direktør i Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab, ei stilling han hadde fram til han døydde i 1922. I tida hans i reiarlaget utvida han verksemda kraftig og vart sentral i moderniseringa av norsk skipsfart.[1] Han tok initiativet til å få skipe Ruteskibenes Rederiforening i 1901 for å få slutt på striden om fraktrater. Han vart ein pioner innan bruk av moderne marknadsføring i satsinga på turisttraffikk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]