Einar Høiland
Utsjånad
| Einar Høiland | |||
| | |||
| Fødd | 5. april 1907 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 22. januar 1974 | ||
| Yrke | fysikar, meteorolog | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
| Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
| Doktorgradsrettleiar | Vilhelm Bjerknes | ||
Einar Høiland (5. april 1907–22. januar 1974}) var ein norsk fysikar frå Farsund.
Han vart dr.philos. i 1939. I 1947 vart han dosent i aero- og hydrodynamikk ved Universitetet i Oslo og frå 1954 var han professor ved universitetet. I 1951 fekk han oppretta Videnskapsakademiets institutt for vær- og klimaforskning, som han leia til 1960. Her bygde han om eit vitskapleg miljø som har vore viktig for rekrutteringa av meteorologisk forsking i Noreg. Høiland arbeidde særleg med å undersøke stabiliteten i væskestraumar og teorien om atmosfæriske bølgjer bak ein fjellrygg, fjellbølgjer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Einar Høiland» i Store norske leksikon, snl.no.