Eininga libra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Libra (òg kalla romersk pund og romerpund) er ei gammal romersk måleining for masse som utgjorde 0,3276 kg og vart inndelt i 12 unciaer (opphavet til eininga unse) eller 72 solidii. Libra er opphavet til pundet og forkortinga lb denne masseeininga nyttar.

Libraen har truleg variert i vekt gjennom tida. Omkring år 980-1000 skal vekta ha svara til kring 0,3359 kg gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]