Hopp til innhald

Eirik Sommer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eirik Sommer
Fødd28. oktober 1832
Død

12. april 1904 (71 år)

Eirik Martin Torvaldsson Sommer (28. oktober 183212. april 1904) var ein norsk lærar og forfattar. Han var ein av dei fyrste til å gje ut bøker på landsmål.[1]

Sommer var fødd i Trondheim som son av ein skomakar. Han utdanna seg til lærar ved Klæbu seminar, som han gjekk ut frå i 1852. Deretter var han huslærar i nokre år, før han verka på verksskulen ved Nedre Leirfoss i Strinda i åtte år. Han måtte etterkvart gje seg som lærar på grunn av nedsett syn. I 1867 kjøpte han eit gardsbruk i Åfjord på Fosen der han levde livet ut.[1]

Sommer gav ut diktsamlinga Soga-visor om de norske Konungar og de største Hend i Norrig i den hedenske Tidi til Haaken Jarl sit Fall i 1857. Dette var ei av dei aller fyrste bøkene på landsmål gjevne ut etter Ivar Aasen. Han gav så ut historieboka Noregs Saga i Stuttmaal (1862), som Aasen skreiv føreord til, og ei byrjinga på Sverresoga på landsmpål (1864). Eirik Sommer spelte òg ei viktig rolle i det første mållaget i Trondheim.[1]

  1. 1 2 3 Hoel, Oddmund Løkensgard; Allkunne (2021-03-11). «Eirik Sommer». Store norske leksikon (på norsk bokmål).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]