Ekkoteknikar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekkoteknikar er ein person utan medisinsk utdanning som gjer ekkokardiografi, ultralydundersøking av hjarta. I Noreg har dei gjerne ei relevant treårig høgskoleutdanning. Det er (desember 2005) ti ekkoteknikarar i Noreg. Dette er ingen formalisert utdanning her i landet, i motsetnad til Sverige (biomedisinsk analytiker) og nord-Amerika (cardiac sonographer).