Eksistensialsetning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei eksistensialsetning (tidlegare også kalla presenteringssetning) er ei setning av typen Det står eit glas på bordet., dvs. subjekt + intransitivt verb + ubestemt substantivfrase ( + adverbial). Syntaktisk sett oppfører det seg som subjekt og den ubestemte substantivfrasen som objekt. Semantisk sett tilsvarer objektet i eksistensialsetninga subjektet i den intransitive setninga Glaset står på bordet, noko som har fått mange til å hevde at eit glas er subjekt også i eksistensialsetningar, trass i dei syntaktiske eigenskapane sine.

Karakteristisk for eksistensialsetningar er den såkalla ubestemtheitseffekten, at objektet må vere ubestemt (*Det står glaset på bordet er ugrammatisk). Berre i visse samanhengar er det mogleg med bestemte objekt, nemleg der dei har fokusert bestemt determinativ, som i Det sitt DEN typen på motorsykkelen der ute).