Ekstinksjon i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstinksjon i astronomi er den svekkinga som skjer med lyset frå ein himmellekam når det går gjennom jordatmosfæren på grunn av lysspreiing og lysabsorpsjon. Ekstinksjonen aukar med aukande senitavstand. Ei stjerne som i senit er i storleiksklasse 1, vil observert nær horisonten vere i 4. eller 5. storleiksklasse, og verkar altså meir lyssvak.

Ekstinksjonen er selektiv, og er til dømes sterkare for kortbølgja lys (blått) enn for langbølgja lys (raudt). Sola, månen og stjernene verkar raudare nær horisonten enn høgare på himmelen. I tillegg forklarar den selektive ekstinksjonen blåfargen til himmelen.

Svekkinga av stjernelys på grunn av interstellart støv vert òg omtalt som ekstinksjon. Fargeeksess er skilnaden mellom den observerte fargeindeksen til ei stjerne og den fargeindeksen som er karakteristisk for den spektralklassen som stjerna høyrer til. Ut frå fargeeksessen kan ein rekne ut kor mykje lyset frå stjerna er svekka på grunn av interstellar absorpsjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]