Ekstremofilar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ekstremofil)

Ekstremofilar er ei samlekjenning for ymse organismar (vanlegvis mikroskopiske) som toler og/eller trivst i ekstreme miljø. Dette kan omfatta til dømes ekstreme temperaturar, ekstrem salinitet, ekstremt høge eller låge pH-verdiar eller ekstremt høgt trykk. Dei fleste ekstremofilane er arkar, men det finst òg ekstremofile bakteriar og eukaryotar.

Ein delar ekstremofilar inn etter kva slags ekstreme tilhøve dei er tilpassa. Ein bakterie som veks best ved høg temperatur vert til dømes kalla ein termofil.

Ekstremofilar
acidofil | alkalifil | barofil | halofil | osmofil | piezofil | psykrofil | termofil | xerofil |
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.