Termofil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Termofilar lever gjerne i varme kjelder, som denne på Island.

Ein termofil er ein (mikro)organisme som trivst best ved særs høge temperaturar, over 45 °C. Dei fleste har ein optimal veksttemperatur mellom 50 og 65 °C, men er i stand til å veksa ved 40-80 gradar. Ekstreme termofilar vert kalla hypertermofilar og kan takla temperaturar opp i godt over 100 °C. Rekorden for vekst i ein organisme vart sett i 2003, då ei forskargruppe fekk ein arkebakterie til å veksa ved heile 121 gradar!

Termofilar er som regel mikroskopiske arkar eller bakteriar, og finst gjerne i varme kjelder og nær geotermiske djuphavskjelder.

Me delar termofilane inn i obligat og fakultativt termofile organismar. Obligate termofilar må ha høge temperaturar for å overleva, medan fakultative termofilar toler nedkjøling.

Termofilar er interessante av fleire grunnar. For det første inneheldt dei særs spesielle, varmeresistente enzym, som mellom anna vert nytta i vaskemiddel og på molekylærbiologilaboratorium. Vidare lever termofilane i miljø som ikkje er så altfor ulike jorda slik ein tenkjer ho var på den tida livet oppstod. Såleis tenkjer ein seg at termofilane kan læra oss noko om opphavet til livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hogg, Stuart: Essential Microbiology Wiley 2005
  • Singleton, Paul & Sainsbury, Diana: Dictionary of microbiology and molecular biology Wiley 1987
Ekstremofilar
acidofil | alkalifil | barofil | halofil | osmofil | piezofil | psykrofil | termofil | xerofil |