Elastisk støyt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Så lenge svartlekamstråling (ikkje vist) ikkje forlet systemet, vil atoma gjennomgå elastiske støytar. I snitt vil to atom sprette attende frå kvarandre med same kinetiske energi som før ein støyt. Fem atom er farga raud for at ein kan følgje rørsla deira..

Ein elastisk støyt er ein støyt mellom to lekamar der den totale kinetiske energien til dei to lekamane etter støyten er lik til den totale kinetiske energien deira før støyten. Elastiske kollisjonar skjer berre om det ikkje skjer noko netto omforming av kinetisk energi til andre energiformer.

I støytar mellom små lekamar vert den kinetiske energien først omgjort til potensiell energi tilknytt ei fråstøytingskraft mellom partiklane (når partiklar flyttar mot denne krafta, til dømes vinkelen mellom krafta og den relative farten er stump), så vil denne potensielle energien omformast attende til kinetisk energi (når partiklane flyttar med denne krafta, til dømes vinkelen mellom krafta og den relative snøggleiken er spiss).

Støytar mellom atom er elastiske støytar.

I tilfelle med store lekamar kan ein aldri oppnå heilt perfekt elastiske støytar, men berre tilnærma, som til dømes ein støyt mellom to biljardkuler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]