Elektrisk ur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elektrisk ur.

Eit elektrisk ur eller klokke er ei klokke som vert drive med elektrisk energi, i motsetnad til ei mekanisk klokke som vert driven av statisk energi lagra i vekter i eit gravitasjonsfelt eller ei fjør. Namnet vert ofte nytta om elektrisk drivne mekaniske klokker som vart nytta før kvartsklokker erstatta dei i 1980-åra. Dei første eksperimenta med elektriske klokker vart utført kring 1840, men dei kom ikkje i større produksjon før elektrisk energi vart tilgjengeleg i 1890-åra. I 1930-åra erstatta synkronuret dei mekaniske klokkene som den mest nytta typen klokke.

Ein skil mellom synkronur, impulsur og elektroniske ur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]