Elf Aquitaine

Elf Aquitaine er eit tidlegare fransk oljeselskap. Selskapet fusjonerte i 2000 med TotalFina, som skifta namn til TotalFinaElf. I 2003 skifta det fusjonerte selskapet namn til Total.
Elf Aquitaine vart særleg kjend for omfattande korrupsjonsskandalar. Selskapet finansierte den franske presidenten François Mitterrand sine politiske vener i mellom anna Tyskland. Norske Eva Joly leia etterforskninga i saka.
Namnet Elf er ei forkorting for Essences et Lubrifiants de France, drivstoff og smøremiddel frå Frankrike.