Hopp til innhald

Elin Pelin i Sofia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elin Pelin
Елин Пелин
Kommune
Utsyn over Elin Pelin
Våpenskjold
Land  Bulgaria
Provins Sofia
Koordinatar 42°40′8″N 23°36′9″E / 42.66889°N 23.60250°E / 42.66889; 23.60250
Areal 433,005 km² [1]
Folketal 23 104  (2021)[2]
Folketettleik 53,35 / km²
Kart
Elin Pelin i Sofia
42°40′00″N 23°36′00″E / 42.6667°N 23.6°E / 42.6667; 23.6
Elin Pelin kommune i provinsen Sofia
Elin Pelin kommune i provinsen Sofia
Elin Pelin kommune i provinsen Sofia
Wikimedia Commons: Elin Pelin Municipality
Nettstad: www.elinpelin.org

Elin Pelin (bulgarsk Елин Пелин) er ein by og ein kommune i provinsen Sofia i Bulgaria. Landsbyen som ligg kring jernbanestasjonen har offisielt òg det same namnet, men blir lokalt kalla «Stasjon Elin Pelin» eller oftast berre «Stasjonen» (bulgarsk Гарата). Kommunen omfattar byen Elin Pelin, landsbyen med same namn og 17 andre busetnader.

Kommunen har eit areal på 433 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 23 104 innbyggjarar, sjølve byen 6 600 innbyggjarar og landsbyen «Stasjonen» 3 274 innbyggjarar.[2]

Kommunen inngår i storbyområdet til hovudstaden Sofia.[3]

Dei største busetnadene i kommunen er:

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)[4] Folketal (2021)[2]
Elin Pelin Елин Пелин  6 810  6 600
Novi khan Нови хан  2 511  3 394
Elin Pelin («Stasjonen») Елин Пелин  3 598  3 274
Lesnovo Лесново  1 773  1 677
Ravno pole Равно поле  1 493  1 619
Musatsjevo Мусачево  1 121  1 246

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
  4. Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)