Elin Wägner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elin Wägner
ElinWagner.jpg
Fødd 16. mai 1882
Lunds domkyrkoförsamling
Død

7. januar 1949 (66 år)
Bergs församling

Yrke journalist, skribent, suffragette, offentlig person
Elin Wägner på Commons
Elin Wägner

Elin Matilda Elisabet Wägner (fødd 16. mai 1882 i Lund, død 7. januar 1949 i Rösås i Kronobergs län) var ein svensk forfattar, journalist og feminist.

Dei skjønnlitterære bøkene til Elin Wägner handlar om kvinnerettar, kvinneleg røysterett, fredsspørsmål, sosiale spurnader og miljøspørsmål. Feminismen ho representerer kallast normalt for særartsfeminisme. Ho blir normalt rekna som ein av dei såkalla «tiotalsförfattarna» og var ein del av Fogelstadsgruppa. Wägner er mest kjend for engasjementet sitt for kvinneleg røysterett og for at ho var med og grunnla Redd Barna i 1919.

Wägner vart medlem av Samfundet De Nio i 1937 og av Svenska Akademien i 1944. Ho var aktiv skribent i tidsskriftet Tidevarvet i perioden 19231936.

Ho var dotter av rektor og fil. dr. Sven Wägner og Anna Mathilda Elisabeth Ekedahl, prestedotter frå Tolg i Småland. Ho var syster til journalisten Harald Wägner, tante til Ria Wägner og gift med litteraturvitaren John Landquist i perioden 19101922.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]