Elva Bora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sterk vassføring sommaren 2007

Bora (Borda) er ei elv i Vinje kommune i Telemark. Elva har utspring på Hardangervidda, og renn gjennom Bordalsvatn og ned til Edland, der ho munnar ut i elva Kjela, like før denne munnar ut i Tveitevatnet.

Kraftutbygging[endre | endre wikiteksten]

Bora er sterkt rørt av kraftutbygginga i elva Tokke på 1960 og -70-talet. Øvre Bora er overførd austover til Songavatn og Songa kraftverk. Bordalsvatn er regulert 40 meter og overført sørover til Kjela kraftverk. Ved Venemodammen (703 moh), rundt 2 kilometer nordvest for Edland, er elva demma opp og overførd til Totak, som er hovudmagasin for Vinje- og Tokke kraftverk. Som følgje av dei omfattande overføringane av vatn frå nedslagsfeltet til Bora er den tidlegare elvemunningen ved Edland no stort sett permanent tørrlagt og i ferd med å gro att.