Ensisheim-meteoritten
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ensisheim-meteoritten er ein steinmeteoritt på 127 kg som 16. november 1492 fall ned i Ensisheim i Alsace. Den største delen av steinen med vekt 54,75 kg, er oppbevart i rådhuset i Ensisheim.
Meteoritten vart observert som ei eldkule frå ein avstand opp til 150 km unna staden han til slutt landa. Sebastian Brant (1458–1521), ein satirikar og forfattar av «Das Narrenschiff» skildra meteoritten i eit dikt.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Ensisheim-meteoritten. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/Ensisheim-meteoritten.
- ↑ A Contemporary Account of the Ensisheim Meteorite, 1492 Rowland, I. D. (1990), Meteoritics, volume 25, number 1, page 19.