Ermal Meta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ermal Meta
Ermal Meta, February 17th, 2018.jpg
Fødd20. april 1981
FødestadFier
FødenamnErmal Meta
OpphavAlbania, Italia
Aktiv2006–
Sjangerpop
Verka somsinger-songwriter, komponist
PrisarFestival della Canzone Italiana di Sanremo

Ermal Meta (fødd 20. april 1981) er ein albansk-italiensk songar og låtskriver.[1] Han var medlem av dei italienske banda Ameba4 og La Fame di Camilla, som begge konkurrerte i nykomar-klassa under den årlege italienske San Remo-festivalen.

Etter å ha jobba som låtskrivar for fleire kjende italienske artistar, byrja han ein solokarriere og har gjeve ut to album: Umano (2016) og Vietato morire (2017).

Meta deltok i San Remo-festivalen i 2017, der han kom på tredjeplass med låten «Vietato morire» – same tittel som hans siste album.

I duett med Fabrizio Moro vann han San Remo-festivalen i 2018 med songen «Non mi avete fatto niente», som òg representerte Italia i Eurovision Song Contest, der dei kom på femteplass med 308 poeng.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ermal Meta vart fødd i Fier i Albania i 1981. Han flytta til Bari i Italia saman med mora og to systrer. Han har eit vanskeleg tilhøve til far sin, som han har skildra som valdeleg.[2] Meta vart oppdregen i ein heim der det vart lytta til italiensk musikk. Mora hans er profesjonell fiolinist. Han byrja å spela gitar og piano i sekstenårsalderen og var medlem i fleire grupper før han vart gitarist i bandet Ameba4. Denne gruppa deltok i ungdomsklassa i San Remo-festivalen i 2006 med songen «Rido...forse mi sbaglio».

I 2007 vart Meta frontmann i gruppa La Fame di Camilla.[3] Debutalbumet deres som heitte for La Fame di Camilla, vart utgjeve av Universal Music i 2009.[4] Bandet gav seinare ut albumet Buio e luce, som òg var namnet på låten som dei konkurrerte med under San Remo-festivalen 2010 i nykomar-klassa. Bandet vart oppløyst i 2013.[5]

Etter å ha skrive songar for fleire kjende italienske artistar som Marco Mengoni, Emma Marrone, Chiara, Annalisa, Patty Pravo og Lorenzo Fragola, starta Meta sin eigen solokarrière. I juli 2013 dukka han opp på Patty Pravo sin song «Non mi interessa».[6] I 2014 bidrog han på lydsporet til den italienske serien Braccialetti rossi, der han framførte songen «Tutto si muove».[7][8] I 2016 konkurrerte han i San Remo-festivalen der han framførte songen «Odio le favole», som kom på tredjeplass i nykomar-klassa av konkurransen. «Odio le favole» var inkludert på det første soloalbumet til Meta, Umano.[9] Han kom attende til festivalen i 2017, der han konkurrerte i store artistar-klassa av konkurransen med songen «Vietato morire».[10] Under den tredje kvelden av festivalen, framførte han eit cover lét av ein av songane til Domenico Modugno som heiter «Amara terra mia», noko som gjorde at han vart tildelt prisen for beste cover under festivalen. Meta kom på tredjeplass i konkurransen og vart tildelt Mia Martini Critics' Prize.[11][12] Det andre studioalbumet til Meta, Vietato morire, vart utgjeve 10. februar 2017.[13] Albumet inkluderer òg ein duett med den italienske songaren og låtskriveren Elisa.[14]

I mars 2017 vart Meta vald som domar i det italienske talentshowet Amici di Maria Dei Filippi.[15]

11. februar 2018 vart Meta, saman med Fabrizio Moro, kåra til vinnar av San Remo-festivalen 2018 med songen «Non mi avete fatto niente», og vart dermed spurt om å representera Italia under Eurovision Song Contest i Lisboa, noko dei takka ja til.[16]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ilaria Venturini (6. februar 2017). «Tutte le curiosità su Ermal Meta» (på italiensk). PopLife.it. Henta 11. februar 2017. 
  2. «Sanremo 2017, Ermal Meta: «Non prendetemi ad esempio» - VanityFair.it». VanityFair.it (italiensk). Henta 15. mai 2018. 
  3. «Il ritorno della Fame di Camilla debutto discografico alla Feltrinelli - la Repubblica.it». Archivio - la Repubblica.it (italiensk). Henta 15. mai 2018. 
  4. s.r.l., Rockol.com. «√ Recensioni | Dischi | La Fame di Camilla - LA FAME DI CAMILLA su Rockol». Rockol (italiensk). Henta 15. mai 2018. 
  5. «Ermal Meta annuncia: sciolta la band La Fame di Camilla». Radio Italia. 
  6. «Patty Pravo feat. Ermal Meta - Spettacolo - ANSA.it». www.ansa.it (italiensk). 
  7. «Gabbani, Calcutta, Cosmo: la rivincita dell'indie-pop italiano - Bergamo News». BergamoNews (italiensk). 7. mai 2016. Henta 15. mai 2018. 
  8. «Sanremo 2017: chi è Ermal Meta? - VanityFair.it». VanityFair.it (italiensk). Henta 15. mai 2018. 
  9. «Sanremo 2017: chi è Ermal Meta? - VanityFair.it». VanityFair.it (italiensk). Henta 15. mai 2018. 
  10. «Festival di Sanremo 2017: i cantanti in gara. Dai talent ai veterani: ecco chi salirà sul palco dell'Ariston (FOTO) - Il Fatto Quotidiano». Il Fatto Quotidiano (italiensk). 13. desember 2016. Henta 15. mai 2018. 
  11. «Dalla critica al miglior testo. Ecco tutti i cantanti premiati». ilGiornale.it (italiensk). Henta 15. mai 2018. 
  12. s.r.l., Rockol.com. «√ Sanremo 2017: i vincitori in sala stampa, Ermal Meta». Rockol (italiensk). Henta 15. mai 2018. 
  13. «Ermal Meta: il featuring con Elisa in “Vietato morire”». Radio Italia. 
  14. «Ermal Meta: il featuring con Elisa in “Vietato morire”». Radio Italia. 
  15. «Amici 2017, il cast: dalla giuria con Ermal Meta e Ambra Angiolini, a Morgan che torna nel ruolo di mentore dei giovani - Il Fatto Quotidiano». Il Fatto Quotidiano (italiensk). 9. mars 2017. Henta 15. mai 2018. 
  16. s.r.l., Rockol.com. «√ Ermal Meta e Fabrizio Moro rappresenteranno l'Italia all'Eurovision Song Contest». Rockol (italiensk). Henta 15. mai 2018.