Espen Karlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Espen Karlsen (fødd 21. september 1964) er ein norsk tidlegare handballspelar. Han var målvakt på Noregs landslag i tida 1983-90.

Karlsen spelte på Reistad IL før han tok turen til toppklubben Stavanger IF. Med SIF vart han norsk meister i 1985 og 1991, samt med om å vinne fire seriemeisterskap.

Karlsen fekk sin landslagsdebut på nyåret 1983. Fram til juni 1990 var han jamt Noregs fyrstemålvakt, deltok i 172 landskampar og skåra 2 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]