Etnonasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein etnonasjon eller ein folkenasjon er ein nasjon der den nasjonale identiteten er tufta på språk og etnisk opphav.

Najonalisme som byggjer på etnonasjonen, krev at grensene for staten følgjer nasjonen, slik at berre menneske med ein bestemt etnisitet skal utgjere staten. Slik etnonasjonalisme har spelt ei viktig rolle i Sentral- og Aust-Europa. I dette området samanfall mellom statsgrenser og grensene for etnonasjonane vore sett på som eit nasjonalistisk ideal, samstundes som dei faktiske landregrensene ikkje har følgd dei etniske skiljelinene. Denne situasjonen har vore konfliktskapande.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]