Eupetidae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eupetidae er ein biologisk familie av sporvefuglar. Synet på kva familien femnar om er under endring og skil seg frå ein taksonomisk autoritet til ein annan. Dette reflekterast i sjekklister og publikasjonar. Handbook of the Birds of the World, band 12 frå 2007, tar med følgjande slekter i familien:

Dette utgjorde då ei heterogen gruppe av 18 artar og det karakteristiske for slektene var tidlegare flyttingar mellom ulike familiar.

Seinare forsking viste at riksetrast, Eupetes macrocerus, ikkje er nært knytt til dei fleste andre artar som ein tidlegare trudde utgjorde Eupetidae.[2] Etter taksonomien som Clementslista speglar, er tidlegare Eupetidae-slekter plassert på følgjande vis:

etter versjon 6.5
  • Cinclosoma og Ptilorrhoa: no eigen familie Cinclosomatidae av åtte vakteltrastar
  • Androphobus og Psophodes: ny familie Psophodidae av fem artar inklusive to mulgatrastar
  • Melampitta er del av paradisfuglfamilien, Paradisaeidae
etter versjon 6.7, 2012

Noverande Eupetidae-artar[endre | endre wikiteksten]

Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 står att med ei slekt og viser følgjande innhald i Eupetidae:[4]

Slekt Eupetes

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D., red. (2007). Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2. 
  2. Om splitt av Eupetidae i oppdateringar til Clementslista desember 2009
  3. 2012 Updates and Corrections, to accompany the eBird/Clements Checklist 6.7 spreadsheet Page 514, Blue-capped Ifrita Ifrita kowaldi 28. september 2012 Henta 17. februar 2013
  4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. februar 2013