Europeisk senter for parlamentarisk forsking og dokumentasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europeisk senter for parlamentarisk forsking og dokumentasjon (engelsk European Centre for Parliamentary Research and Documentation, forkorta ECPRD) er eit parlamentarisk nettverk danna som ei plattform for samarbeid mellom alle parlament i Europa. ECPRD vart stifta i Wien i 1977 for å gjere utveksling av informasjon, idéar og erfaringar lettare for administrasjonen av parlamenta i Europa.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bundesrat - European Centre for Parliamentary Research and Documentation (ECPRD)». www.bundesrat.de (på engelsk). Henta 24. september 2018.