Føllingsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Føllingsvatnet
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Høgd over havet 177 moh.
Areal 0,32 km²
Koordinatar 61°20′13.6″N 6°8′58.5″EKoordinatar: 61°20′13.6″N 6°8′58.5″E

Føllingsvatnet
61°20′14″ N 6°8′59″ E

Føllingsvatnet (Fylingsvatnet) er ein innsjø i Sunnfjord kommune og ein del av Gaularvassdraget. Vatnet ligg i dalføret Eldalsdalen som er ein del av Viksdalen.

Namnet kjem av gardane Følling som ligg på sørsida av vatnet. På nordsida av vatnet ligg gardane Bell.

Vatnet er med i konkurransen Sunnfjord aurefiskefest, og er eit populært fiskevatn for aurefiske. Fossestien går forbi vatnet, like før vatnet ligg Kleivafossen og utløpet går rett i Bellsfossen. Sistnemnde foss renn under ei bro på Rv13, og er derfor ein lett tilgjengeleg attraksjon. Elva renn så vidare mot Viksdalsvatnet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.