Førarkort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framsida av eit norsk førarkort. Identifikasjonen er manipulert.
Baksida av det same førarkortet.

Førarkort er eit sertifikat som er påkravd for sjåførar av motorvogn. Det er eit prov på at vedkomande har førarrett til klassar spesifisert på kortet. Førarkort blir generelt gjeven etter at mottakaren har bestått ei oppkøyring og dokumentert at dei er over minstealder førarkortklassen krev.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frankrike og Tyskland var mellom dei fyrste landa som kravde førarkort, dei fekk innført det i starten av 1900-talet. Etterkvart som bilbruken auka i USA kravde folket der at styresmaktene skulle ta etter den franske og tyske modellen[1].

I USA vart den fyrste førarkortlova innført 1. august 1910 i New York. I byrjinga gjaldt den berre for profesjonelle sjåførar[2]. Staten New Jersey blei i juli 1913 den fyrste til å krevje at alle sjåførar skulle bestå ein obligatorisk førarprøve før det vart gjeven førarkort[3].

Identifikasjon[endre | endre wikiteksten]

På grunn av fleire land manglar eit nasjonalt identifikasjonskort og på grunn av den utbreidde bruk av bilar, er førarkort ofte nytta som standard identifikasjonskort. I slike land har ofte utstedar av førarkort også i oppgåve å gje identifikasjonskort til personar utan førarrett.

Det er vanleg å ha anna tilleggsinformasjon på kortet slik at det er enkelt å avgjere om beraren er myndig, organdonor eller liknande.

Norske klassar og kodar[endre | endre wikiteksten]

M (Moped)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse M gjeld for køyring i Noreg med moped.

M145[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse M med kode 145, gjeld for køyring i Noreg med tohjuls moped. Denne klassen gjeld for alle personar som ikkje har andre førarkort og som har nødvendig ferdigheit. Førarretten skal påførast førarkortet før han kan nyttast.

M146[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse M med kode 146, gjeld for køyring i Noreg med tohjuls moped. I tillegg gjeld førarretten for køyring i Noreg med tre- eller firehjuls moped med eigenvekt (minus vekt på batteriet når køyretøyet går på eldrift) ikkje over 150 kg. Minstealder på 16 år.

M147[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse M med kode 147 gjeld for køyring i Noreg med tre, firehjuls eller mopedbil. For personar som ikkje er fylt 18 år er førarretten begrensa til tre- eller firehjuls moped med eigenvekt (minus vekt på batteriet når køyretøyet går på eldrift) ikkje over 150 kg. Minstealder på 16 år.

A1 (Lett motorsykkel)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse A1 gjeld for lett motorsykkel med eller utan sidevogn og tohjuls moped. Minstealder på 16 år. For køyring i Noreg omfattar førarretten i tillegg klasse M kode 147. Dersom eigenvekt på mopeden er over 150 kg (minus vekt på batteriet når køyretøyet går på eldrift), må føraren vere fylt 18 år.

A (Motorsykkel)[endre | endre wikiteksten]

Direkte erverv[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse A gjeld for motorsykkel med eller utan sidevogn og tohjuls moped. Minstealder på 21 år. For køyring i Noreg omfattar førarretten i tillegg klasse M kode 147 og køyring med tilhengar til motorsykkel med slagvolum over 125 cm3. Motorsykkelen må vere godkjent for å trekke tilhengar og tillaten tilhengarvekt må vere påført vognkortet.

Etappevis erverv[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse A gjeld for motorsykkel med eller utan sidevogn og tohjuls moped. Fram til fylte 21 år eller de første to åra etter erverv av førarrett i klasse A, gjeld førarretten berre for mellomtung motorsykkel med eller utan sidevogn. Minstealder på 18 år. For køyring i Noreg omfattar førarretten i tillegg klasse M kode 147 og køyring med tilhengar til motorsykkel med slagvolum over 125 cm3. Motorsykkelen må vere godkjent for å trekke tilhengar og tillaten tilhengarvekt må vere påført vognkortet.

B (Personbil, varebil)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse B gjeld for motorvogn med ein tillaten totalvekt på høgst 3500 kg og maksimalt 8 passasjerplasser i tillegg til førarplassen. Ein kan i tillegg trekke ein tilhengar med tillaten totalvekt på høgst 750 kg. Vogntogvekta blir mao 4.250 kg. Med kl B kan ein trekke tilhengar over 750 kg om samla tillaten totalvekt for vogntoget ikkje overstig 3.500 kg. Den tillatne totalvekta på tilhengaren må ikkje overstige motorvognas eigenvekt. Minstealder på 18 år. Klassen gjeld også for tre- eller firehjuls motorsykkel og klasse M kode 147. I tillegg gjeld førarretten for køyring i Noreg beltebil med eller utan tilhengarslede, klasse M kode 146 og tilhengar til tre- eller firehjuls motorsykkel med slagvolum over 125 cm2, når tillaten totalvekt for tilhengaren er høgst 750 kg. Trekkvogna må vere godkjent for å trekke tilhengar og tillaten tilhengarvekt må vere påført vognkortet.

B1/klasse B kode 73[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse B1, eventuelt klasse B kode 73, gjeld for tre- eller firehjuls motorsykkel og for klasse M kode 147. gjeld også for køyring i Noreg med eventuell tilhengar til tre- eller firehjuls motorsykkel med slagvolum over 125 cm3. Førarrett klasse B1 kan fåast ved innbyte, fornying og duplikat av utanlandske førarkort frå EØS. Alderskrav er 18 år.

BE (Tilhengar til klasse B)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse B gjeld for motorvogn med ein tillaten totalvekt på høgst 3500 kg og maksimalt 8 passasjerplassar i tillegg til førarplassen og tilhengar. Minstealder på 18 år. I tillegg gjeld førarretten for køyring i Noreg for traktor og motorreiskap, med tillaten totalvekt ikkje over 25.000 kg og med konstruktiv fart ikkje over 40 km/t, med eller utan tilhengar.

C1 (Lett lastebil)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse C1 gjeld for førarrett i klasse B og for motorvogn med tillaten totalvekt over 3500 kg, men høyst 7500 kg og maksimalt 8 passasjerplasser i tillegg til føraren og tilhengar med tillaten totalvekt på høyst 750 kg. Minstealder på 18 år.

C1E (Tilhengar til klasse C1)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse C1E gjeld for klasse BE og for vogntog beståande av motorvogn nemnt under klasse C1 og tilhengar kor samla tillaten totalvekt for vogntoget ikkje overstig 12.000 kg. Minstealder på 18 år. Tilhengarens tillatne totalvekt må ikkje overstige trekkvogas eigenvekt.

C (Lastebil)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse C gjeld for førarrett i klasse B og for motorvogn med tillaten totalvekt over 3500 kg og maksimalt 8 passasjerplasser i tillegg til førarplassen og tilhengar med tillaten totalvekt på høgst 750 kg. Minstealder på 18 år.

CE (Tilhengar til klasse C)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse CE gjeld for klasse BE og for vogntog beståande av motorvogn nemnt i klasse C og tilhengar. Minstealder på 18 år.

D1 (Minibuss)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse D1 gjeld for førarrett i klasse B og for motorvogn for persontransport, som har fleire enn 8, men maksimalt 16 passasjerplasser i tillegg til førarplassen og tilhengar med tillaten totalvekt på høgst 750 kg. Minstealder på 21 år. For norske førarkort gjeld i tillegg den avgrensinga at motorvogna skal ha ei lengde på ikkje over 7,5 m.

D1E (Tilhengar til klasse D1)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse D1E gjeld for klasse BE og for vogntog beståande av motorvogn nemnt i klasse D og tilhengar kor samla tillatne totalvekt for vogntoget ikkje overstig 12.000 kg. Minstealder 21 år. Tilhengarens tillatne totalvekt må ikkje overstige motorvognas eigenvekt. Det er ikkje løyve til å nytta tilhengaren til transport av personar.

D (Buss)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse D gjeld for førarrett i klasse B og for motorvogn for persontransport som har fleire enn 8 passasjerplasser i tillegg til førarplassen og tilhengar med tillaten totalvekt på høyst 750 kg. Minstealder på 21 år. Klassen gjeld også for leddbuss.

DE (Tilhengar til klasse D)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse DE gjeld for klasse BE og for vogntog beståande av motorvogn nemnt i klasse D og tilhengar.

"Innehaver av førarkort i klassane B, BE, D1, D1E, D2 eller D2E, utstedt før 1. januar 2005 har førarrett i Noreg for motorredskap med tillatt totalvekt ikkje over 7.500 kg og for motorredskap med tillatt totalvekt over 7.500 kg, med konstruktiv hastigheit ikkje over 50 km/t. Ved utskifting videreføres denne retten ved kode 152 tilknyttet klasse B/BE."

lovdata

T (Traktor)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse T gjeld for køyring i Noreg for traktor og motorreiskap, med konstruktiv fart ikkje over 40 km/t, med eller utan tilhengar. Minstealder på 16 år. Før personen med førarkortet har to års erfaring eller fyller 21 år er førarretten avgrensa til traktor og motorreiskap, med eller utan tilhengar, med samla tillaten totalvekt ikkje over 25.000 kg. Vektavgrensninga gjeld ikkje når førarrett klasse T er erverva etter fylte 21 år.

S (Beltemotorsykkel)[endre | endre wikiteksten]

Førarrett i klasse S gjeld for køyring i Noreg med beltemotorsykkel med eller utan tilhengarslede. Fram til førarkortinnehavaren fyller 18 år er førarretten avgrensa til beltemotorsykkel klasse 1, som har eit forhold mellom effekt og eigenvekt på høyst 0,20 kW/kg.

Gyldigheit for førarrett[endre | endre wikiteksten]

Førarrettens utløpsdato for klassane A, A1, B, B1, BE, M, S og T vert sett til 100-årsdagen til vedkomande. Etter fylte 70 år må gyldig legeattest medtakast for at førarretten skal vere gyldig. For desse klassane skal likevel førarretten ha ei maksimal gyldigheitstid på fem år, dersom vedkomamde har fylt 60 år, maksimal gyldigheitstid til fylte 71 år, dersom vedkomande har fylt 66 år og maksimal gyldigheitstid på eitt år, dersom vedkomande har fylt 70 år. Førarrett i øvrige klassar skal ha gyldigheitstid 10 år.

Norske krav[endre | endre wikiteksten]

Frå 2005 må alle som startar på ei opplæring ha trafikalt grunnkurs før dei kan begynne å øvingskøyre og før dei kan ta køyretimar. Unntak er gjort for dei som har førarkort (eventuelt mopedførarbevis) frå før.

For å få førarkort må du ha vore busett i Noreg i minst 6 månadar, fylle alderskravet, sende søknad om førarkort, fylle helsekrava og ha godkjent vandel (av politiet) første gong du søkjer om førarkort.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. {{{forfattar}}} ({{{utgjevingsår}}}) «Better Auto Laws Are Now Needed» – New York Times.
  2. {{{forfattar}}} ({{{utgjevingsår}}}) «Working Out New Auto Law In New York» – New York Times.
  3. {{{forfattar}}} ({{{utgjevingsår}}}) «New York's Auto Exports Increase—Big Jump in Cars Shipped Last Year—New Jersey Examines All Drivers» – New York Times.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]