Førresfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Førresfjord (i midten) og Karmsundet (nedst). Vormedal ligg nede til venstre.

Førresfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Karmøy og Tysvær. Fjorden ligg aust for Haugesund og endar opp ved tettstaden Førre eller Førde, som fjorden er kalla opp etter. Fjorden har innløp ved øya Høvring nord for Boknaflæe ved Boknafjorden og strekkjer seg 17 km nordover til Førre. Breidda til fjorden er mellom 500 og 1000 meter. Nokre kilometer aust for innløpet til Førresfjorden ligg innløpet til Førlandsfjorden.

Nord for Høvring ligg fjorden på austsida av øya Fosen. Denne delen av fjorden vert òg kalla Fosnasundet. Nord for Fosen går Røksundakanalen og Kjellesundet vestover til Karmsundet.

Store delar av fjordsidene er utbygd, særleg på vestsida og nord for Haugeholmane på austsida. Hovudsakleg er dette små grender som Hauge, Våga, Mykja, Aksnes, Eike, Hesten og Skre.

E134 går langs nordvestsida av fjorden frå Førre til Skre, og så vidare vestover til Haugesund.