F.W. Woolworth Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Woolworth-bygningen, om lag 1913. Han var fram til 1930 den høgaste bygningen i verda.

F.W. Woolworth Company, ofte berre kalla Woolworth's eller Woolworth, er eit tidlegare amerikansk handelskonsern med røter i ein «femcent-butikk» (nickelstore), der varene kosta mellom 5 og 10 cent. Han opna i Utica i New York i 1878 av Frank Winfield Woolworth (1852–1919). Han grunnla saman med bror sin Charles F.W. Woolworth Company i 1911 då seks liknande butikkjeder vart slått saman. Woolworth satsa på sal av billige varer, helst til same pris, og etter kvart voks det fram Woolworth-filialar i heile USA, og etter kvart òg i andre land.

I 1990-åra satsa konsernet meir på spesialforretningar, særleg sportsbutikkjeder. Dei siste varehusa med namnet Woolworth vart stengde i 1997, og i 1998 skifta konsernet namn til Venator Group, i 2001 til Foot Locker med sal av sportssko. Omsetnaden i 2006 var kring 5,5 milliardar amerikanske dollar.

Woolworth Building i New York City med hovudkontoret til konsernet, stod ferdig i 1913 og var til 1930 den høgaste bygningen i verda med ei høgd på 241 meter og 60 etasjar. Den norske ingeniøren Gunvald Aus hadde ei viktig rolle i prosjekteringsarbeidet til dette bygget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]