FA-cupfinalen i fotball 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1982 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London og utkjempa mellom tittelforsvararen Tottenham Hotspur og byrivalen Queens Park Rangers. Då laga spelte uavgjort 1-1 laurdag 22. mai 1982 måtte det omkamp til på same arenaen den 27. mai. Framfor 100 000 tilskodarar vann Tottenham Hotspur då klubbens sjuande FA-pokal etter siger 1-0.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Laudagskampen var mållaus til ut i 2. ekstraomgang. Glenn Hoddle sende Tottenham framom i det 110. minutt, fem minutt etter utlikna Terry Fenwick for QPR.

I omkampen på torsdagen 27. mai skåra Glenn på straffespark allereie i det 6. minutt. Fleire mål kom ikkje, dermed kunne Tottenham-kapteinen Steve Perryman lyfte FA-trofeet for andre året i rad.

Tottenham-mannskapet bestod av: Ray Clemence, Chris Hughton, Paul Miller, Graham Roberts, Steve Perryman (kaptein), Paul Price, Micky Hazard, Glenn Hoddle, Tony Galvin, Steve Archibald, Garth Crooks, Garry Brooke.

I den avgjerande kampen bestod Queens Park Rangers-mannskapet av: Peter Hucker, Terry Fenwick, Ian Gillard, Gary Waddock, Bob Hazell, Warren Neill, Tony Currie (kaptein), Mike Flanagan, Gary Micklewhite, Simon Stainrod og John Gregory. Steve Burke kom inn i 84. minutt for Micklewhite.

Clive White dømde begge finaleoppgjera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]