FA-cupfinalen i fotball 2015

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupfinalen i fotball 2015 fann stad på Wembley stadion i London den 30. mai, med 89 283 tilskodarar på tribunane. Tittelforsvararen Arsenal FC frå London vann heile 4 – 0 over Aston Villa FC frå Birmingham.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane med Arseanl i gult

Theo Walcott sende Arsenal i føringa i det 40. minutt. Fem minutt ut i andre omgang la chilenaren Alexis Sánchez på til 2 – 0, tolv minutt seinare auka tyske Per Mertesacker til 3 – 0. Franskmannen Olivier Giroud avslutta målfesten med å legge på til 4 – 0 i sluttsekunda.

Arsenal sitt vinnarlag: Wojciech Szczęsny, Héctor Bellerín, Per Mertesacker (kaptein), Laurent Koscielny, Nacho Monreal, Francis Coquelin, Aaron Ramsey, Santi Cazorla, Mesut Özil, Alexis Sánchez, Theo Walcott. Olivier Giroud og Jack Wilshere vart bytta inn då det stod att eit kvarter av kampen, ut gjekk Özil og Walcott. Alex Oxlade-Chamberlain entra bana straks før dommaren bles av kampen.

Aston Villa mønstra Shay Given, Alan Hutton, Ron Vlaar, Jores Okore, Kieran Richardson, Tom Cleverley, Ashley Westwood, Fabian Delph (kaptein), Charles N'Zogbia, Christian Benteke, Jack Grealish og innbytarane Gabriel Agbonlahor, Leandro Bacuna, Carlos Sánchez.

Jon Moss dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]