FN Browning 1910

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

FN Browning 1910 er ein halvautomatisk pistol med blow-back-mekanisme, konstruert av John Browning og produsert av Fabrique Nationale i Belgia. Han er au kalla FN Browning modell 1910, FN Browning M1910, FN modell 1910, Browning 1910.

FN modell 1910 var eit vegskilje for John Browning. Før hadde konstruksjonane hans vore produserte både av FN i Europa og Colt i USA. Sidan Colt ikkje ville produsere denne modellen, valde Browning å patentere og produsere han berre i Europa.

Denne pistolen bruka ei ny lokalisering av drivfjøra, rundt løpet. Denne plasseringa vart standard i slike framtidige våpen som den tyske Walther PP og den sovjetiske Makarovpistolen. Pistolen hadde grepssikring attåt magasinsikring og ei ytre sikring (såkalla triple safety). Han vart laga i både kaliber .32 ACP (sju skot) og kaliber .380 (seks skot) heilt til 1983.

Gavrilo Princip skal ha bruka ein FN 1910 i .32 da han gjennomførte attentata sine 28. juni 1914, som utløyste den første verdskrigen.

Ein variant av modell 1910 var kjend som modell 1922 eller 1910/22. Det var ein større modell med lenger løp, sleide og grep - det siste for å gjera plass til eit ekstra skot i magasinet. Denne modellen var sikta inn på militære- og politikontraktar, og mange eksemplar vart produserte for ulike slike organ.

I 1955 introduserte Browning Arms Company denne pistolen på USA-marknaden som modell 1955. Men han var laga i Europa, og mesta identisk med den europeiske modellen bortsett frå merkinga. Ein litt større variant for USA-marknaden kom i 1971, da 1955-modellen vart ulovleg etter visse lovendringar i USA.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen