Fagocytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikroskopbilde nøytrofil granulocytt (gul)
Puss som strøymer ut frå eit sår med ei oppsamling av materie forårsaka av bakteriar. Puss inneheld millionar av fagocyttar.

Fagocytt eller eteceller er ei gruppe celler som kan ta opp i seg og øydeleggja andre celler eller mikroorganismar på ein måte som minnar om eting. Fagocytter er ein type kvite blodceller som er ein del av immunforsvaret. Dei vernar kroppen mot skadelege fremadlekamar, bakteriar og døde eller skadde celler.[1] Direkte omsett frå gresk tyder fagocytter 'eteceller', sett saman av fagein, 'ete' eller 'sluke', og –cyte, endinga i biologi som viser til 'celle', frå greske kutos, 'smalt fartøy'.[2]

Fagocyttane kan ta seg inn i og ut av dei tynnaste blodårene (kapillæra). Dei strøymer raskt til dei stadene der mikro-organismane har slått seg ned. og et dei rett og slett opp. Somme fagocyttar kan ete bakterieceller som er like store som dei sjølve. Organismane eller cellene blir tatt opp av fagocytten ved endocytose, og broten ned av enzym frå lysosomet til fagocytten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Delves, P. J. et al (2006): Roitt's Essential Immunology, ISBN 1-4051-3603-0, s. 2–10
  2. Little, C., Fowler H.W., Coulson J. (1983): The Shorter Oxford English Dictionary. Oxford University Press (Guild Publishing). s. 1566–1567.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]