Falske nyhende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk omsetjing av «How to Spot Fake News» av IFLA infographic

Falske nyhende eller fake news er framstillingar som ser ut som nyhendesaker, men der føremålet er å villeie. Framstillinga bruker vanlege journalistiske verkemiddel for å fange merksemda til lesaren og skape tillit, og kan derfor vere effektivt som verkemiddel i ulike typar påverknadsarbeid. Falske nyhende skil seg frå innhaldsmarknadsføring og satire som også gjer bruk av journalistiske verkemiddel utan å lage nyhende.

Falske nyhende har ei lang historie og kan ikkje knytast til nokon bestemt ideologi eller teknologi. Samtidig er det slik at auka kunnskap om meiningsdanning og mediebruk, i tillegg til auka tilgang til ulike typar informasjonsteknologi, som sosiale medium, har gjort det enklare å produsere og formidle slike framstillingar i dag enn tidlegare.

Omgrepet falske nyhende vart kåra til årets nyord for 2016 av australske Macquarie Dictionary.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]