Famitsu
Utsjånad
Famitsu (ファミ通 Famitsū), tidlegare Famicom Tsūshin, er ein serie av japanske dataspelmagasin utgjevne av Kadokawa Game Linkage (tidlegare kjent som Gzbrain), eit underselskap av Kadokawa. Famitsu er publisert både i vektentlege og månadlege format, i tillegg til utgåver som er vigde berre til ein konsoll, eit dataspelselskap eller eit anna tema.
Namnet Famitsu er eit samantrekt ord av Famicom Tsūshin; (ファミコン通信 , offisielt omsett som Famicom Journal) Av ordet «Famicom» som også er eit samantrekt ord av «Family og Computer», som er det japanske namnet på Nintendo Entertainment System, den dominerande spelkonsollen i Japan i 1980-åra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Famitsu» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2022.
Denne dataspelartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |