Fana Sparebank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fana Sparebank på Nesttun

Fana Sparebank er ein sjølvstendig sparebank som blei etablert i 1878. Banken har ein forvaltningskapital på 21,5 milliardar kroner og er den 12. største sparebanken i landet målt etter gjennomsnittleg forvaltningskapital. I konsernet er det ca 150 tilsette.

Fana Sparebank har dotterselskapet Fana Sparebank Eiendom AS og Fana Sparebank Boligkreditt AS. Bankens hovudkontor er på Nesttun, den har også avdelingar i Åsane, Markeveien, Lagunen og på Straume (Fjell kommune).

Banken starta som ein liten lokal bygdebank i ei leigd stove på Fanahammeren. I 2008 låg hovudkontora til banken på Nesttun, han hadde òg filialar og kontor i Åsane, Torget, Markeveien, Minde, Midtun, Lagunen og Sandsli.

Administrerande direktør for Fana Sparebank er Lisbet K. Nærø, styreleiar Nils Magne Fjereide.

Dotterselskap og tilknytte selskap Fana Sparebank Eiendom AS er eit heileigd selskap av Fana Sparebank . Selskapet er ein veletablert aktør på den lokale eigedomsmarknaden i stor Bergen. Fana Sparebank Boligkreditt AS er eit heileigd dotterselskap av Fana Sparebank med konsesjon til å drive kredittføretaksverksemd. Frende Forsikring består av søsterselskapa Frende Livsforsikring og Frende Skadeforsikring. Selskapet blei starta i 2007 og har hovudkontor i Bergen. Fana Sparebank er ein av fjorten eigarbankar i holdingselskapet. Verdipapirføretaket Norne Security blei etablert i 2008 med hovudkontor i Bergen. Selskapet har tre forretningsområder; netthandel, aksjemekling og corporate finance. Selskapet er eigd av tretten andre frittståande sparebankar og Fondfinans. Brage Finans er eit finansieringsselskap med hovudkontor i Bergen som blei stifta i 2010. Banken er representert på eigarsida i selskapa saman med ei rekkje andre sparebankar i Noreg. Eiendomskreditt AS blei etablert i 1997 og er eit frittståande kredittføretak eigd av åttifem sparebankar frå heile landet. I tillegg er også Fana Sparebank medeigar i kredittforeininga for sparebankar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]