Fanatec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den tyske raserføraren Sofia Flörsch med eit simulatorratt frå Fanatec.

Fanatec er eit merkenamn ått av den tyske produsenten Endor AG som lagar maskinvare til simracing, som til dømes kraft-tilbakekopla ratt (inkludert direktedrevne ratt), pedalar, girskifarar og stolar. Produkta deira er utvikla i Tyskland og produsert i Kina.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein Fanatec raserstol med ratt og anna utstyr stilt ut på Electronic Entertainment Expo 2011.

Endor AG vart grunnlagt i 1997, og blei børsnotert i 2006.[2][3]

I 2005 vart Xbox 360 lansert, og Fanatec CSR var inkludert som det einaste rattet det var mogleg å kopla til trådlaust forutan Microsoft sitt eige ratt.[4]

I 2006 signerte Fanatec ein 5-års kontrakt med Porsche om at Fanatec kunne produsera offisielle Porsche-ratt til simracing.[5][6]

I 2009 vart Forza Motorsport 3 utgjeve, og Porsche 911 Turbo S-ratta laga av Fanatec var det einaste kompatible kraft-tilbakekopla rattet forutan Microsofts sitt eige trådlause racingratt.[7]

Sponsing[endre | endre wikiteksten]

I 2021 vart Fanatec tittelsponsor for den europeiske GT2-serien.[8]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

  • Logitech, ein konkurrerande produsent

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. About us | Fanatec
  2. ENDRF 206.25 0.00 0.00% : Endor AG - Yahoo Finance
  3. Stockopedia - ENDOR AG Share Price
  4. Fanatec Porsche 911 Turbo Wheel for Xbox 360 review | Engadget
  5. ENDOR AG and Porsche Design Group signed a cooperation contract | GamesIndustry.biz
  6. All I wheely want for Christmas: the Fanatec Porsche Turbo S | Ars Technica
  7. Chou, Che. «The Ultimate Racing Wheel for Xbox 360». Turn 10. Arkivert frå originalen 26. oktober 2011. Henta 18. mai 2017. 
  8. DGAP-News: Endor becomes title sponsor of Fanatec GT World Challenge powered by AWS and Fanatec GT2 European Series - Bloomberg