Fantasi og fuge i c-moll, BWV 537

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fantasi og fuge i C-moll
BWV 537
Fuge av Johann Sebastian Bach
Sjanger Orgel
Periode Barokken
Komponert etter 1723
Publiseringsdato 1867
Typisk lengd 08:54
Satsar 2

Fantasi og fuge i C-moll, BWV 537 er eit stykke for orgel skriven av Johann Sebastian Bach. Det vart komponert medan han budde i Weimar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom livet sitt hadde Bach to tenesteperiodar i den vesle byen Weimar i dagens Tyskland. Byen hadde då kring 5000 innbyggjarar, men det var ein sterk kulturell tradisjon i byen.[2] Her vart han tilsett i 1709 av hertugen i Weimar, Wilhelm Erst, som organist og medlem i hofforkesteret. Han vart særleg oppfordra til å nytte det unike talentet sitt på orgel.[3] Og det var nettopp i denne perioden at han komponerte mange av dei største orgelverka sine, som Toccata og fuge i D-moll, BWV 565 og Preludium og fuge i E-dur, BWV 566.[1] I denne perioden hans i Weimar vart han kjend som organist og han fekk besøk av studentar som kom får lære av teknikkane hans.[2] Hans Fantasi og fuge i C-moll vart komponert den siste halvdelen av tenestetida hans i Weimar, men ein er ikkje sikker på kva år det var, truleg kring 1723, då Bach var Kappelmeister i Köthen etter den politiske uroa som oppstod i Weimar i 1717.[4]

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Den samla lengda til fantasi i musikk og fugen er om lag åtte minuttar,[5] og han er skriven i 6/4-takt. Fantasien i stykket er ganske svulstig og særs utsmykka, og består av to ulike halvdelar som begge er basert på den same musikalske ideen.[1] Eit interessant trekk med fantasien er at han i motsetnad til mange fantasiar på denne tida ikkje har ein kadens-liknande passasje, der musikaren kan vise fram virtuositeten sin. Fugen nyttar eit stødig tema fire gonger på rad og som er lett gjenkjenneleg kvar gong det dukkar opp på ny. Den totale lengda til fugen er 130 kontrapunktiske taktstrekar.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Classical Archives
  2. 2,0 2,1 Baroque music.org
  3. jsbach.org
  4. 8notes.com
  5. Decca Publication No. 443 485-2
  6. Allmusic.com