Fargesirkelen


Fargesirkelen er eit skjema over fargestoffa. I fleire hundre år har ein prøvd å finne eit system der ein kunne nytte fargane på best mogleg måte. Det er fleire oversikter over fargane, m.a.:
- Ittens fargesirkel
- NCS-fargelekam
- NCS-fargesirkel
- NCS-fargetrekant
NCS (Natural Colour System) er eit standardisert kommunikasjonsystem for fargar, også kalla det naturlege fargesystemet.
Fargane[endre | endre wikiteksten]
Primærfargar[endre | endre wikiteksten]
Primærfargane eller grunnfargane er gult, raudt og blått. Desse kan ein ikkje blande seg fram til.

Sekundærfargar[endre | endre wikiteksten]
Sekundærfargane er fargane ein får når ein blandar to av primærfargane. Dette er dei tre fargane grøn, lilla og oransje. Ein får grøn av å blande gult og blått, lilla av å blande raudt og blått, medan ein får oransje av å blande raudt og gult.
Tertiærfargar[endre | endre wikiteksten]
Tertiærfargane er dei fem fargane raudoransje, raudfiolett, blåfiolett, blågrøn og gulgrøn.
Fargekontrastar[endre | endre wikiteksten]
Kontrast har ein når ein tydleg kan skilje fargane frå kvarandre.
Mengdekontrast[endre | endre wikiteksten]
Mengdekontrast eller kvantitetskontrast er storleiksforholdet mellom to eller fleire fargeflatar. Fargeforskaren Johannes Itten sette opp eit skjema uttrykt med tal for fargeforholdet til primær- og sekundær-fargane. Brukar ein til dømes ein rein gulfarge og ein rein fiolettfarge, må ein ha 3 delar grønt og 9 delar fiolett for at ikkje ein av fargane skal stikke seg ut. Her er skjemaet:
Gult | Oransje | Raudt | Fiolett | Blått | Grønt |
---|---|---|---|---|---|
3 | 4 | 6 | 9 | 8 | 6 |
Kald-varm-kontrast[endre | endre wikiteksten]
Den største kald-varm-kontrasten ein kan få er mellom raudoransje og blågrønt. Me får ein kald-varm-kontrast når varme og kalde fargar blir sette opp mot kvarandre. Kalde fargar er t.d.: blå, grøn og lilla. Varme fargar er t.d.: oransje, gul og raud.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Teikning Form Farge av Britt Ring Amundsen.