Hopp til innhald

Feilernæring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser prosentdelen feilernærte i landa i verda

Feilernæring er det å få i seg for lite eller for mykje av visse næringsstoff, til dømes vitamin eller jarn. Risikoen for feilernæring aukar når meir enn 10 % av energien kjem frå raffinert sukker. Slik feilernæring kan føra til at det blir for lite jarn eller andre mineral og vitamin i kosthaldet.

Ifølgje Verdsorganisasjonen for helse er svolt og feilernæring dei største einskildståande truslane mot helsa til folkesetnaden i verda, og feilernæring er den største einskildståande faktoren ved barnedøydelegheit.