Felles faktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Felles faktor er eit omgrep i matematikk. Eit heiltal d vert sagt å vere ein felles faktor for to heile tal a og b, viss både a og b er deleleg med d. Det eksisterer alltid ein største felles faktor for to heile tal, og denne største felles faktoren kan reknast ut ved hjelp av euklidisk algoritme. Om den største felles faktoren for to tal er 1, vert tala sagt å vere relativt primiske. Felles faktor kan definerast på ein tilsvarande måte for fleire enn to heile tal, samt for polynom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]