Filip Vujanović
Utsjånad
| Filip Vujanović | |||
| | |||
| Fødd | 1. september 1954 Beograd i Jugoslavia (no Serbia) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Montenegro | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Det juridiske fakultet ved Universitetet i Beograd Universitetet i Beograd | ||
| Verv | President i Montenegro | ||
| Føregangar | Dragan Kujović | ||
| Verv | Statsminister i Montenegro 1998-2003 | ||
| Føregangar | Milo Đukanović | ||
| Etterfylgjar | Milo Đukanović | ||
| Alle verv | |||
Filip Vujanović (fødd 1. september 1954 i Beograd) er ein montenegrinsk politikar, og president i Montenegro frå 22. mai 2003 til 20. mai 2018. Før det var han fungerande president frå 25. november 2002. Han vann presidentvalet 11. mai 2003 med 63 % av røystene, etter at to tidlegare presidentval vart underkjente grunna for låg valdeltaking. Før det tredje presidentvalet vart lova endra, slik at ei valdeltaking på over 50 % ikkje lenger var naudsynt.
Vujanović var tilhengar av sjølvstende for Montenegro, og då landet erklærte sjølvstende i mai 2006 vart han den første presidenten i den sjølvstendige republikken Montenegro.
Den 6. april 2008 vart han gjenvald for ein ny presidentperiode med 51,9 % av røystene i første valomgang.