Filmprodusent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steven Spielberg er kjend både som filmregissør og filmprodusent. Her talar han ved Pentagon i samband med filmen Saving Private Ryan.

Filmprodusent er den øvste administrative leiaren for å laga ein film.[1] Produsenten har det praktiske overblikket over filmproduksjonen, og administrerer filmen frå idéfasen til det ferdige produktet.[2] Produsenten har også det økonomiske ansvaret i høve til produksjonsselskapet. Dessutan har produsenten ansvaret for å tilsetja filmteam og skodespelarar, for ein produksjonsplan og avvikling av opptaksperioden og typisk også distribusjon av filmn.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ein associate producer er ein daglEg administrator med ansvar for at budsjettet til filmen blir halde og utgifter betalte. Ein associate producer kan også ta del i utviklinga av eit manuskript.

Ein executive producer eller administrerande produsent er den øvst økonomisk ansvarlege og representanten for produksjonsselskapet. Produsenten organiserer prosjektet og finansieringa. I USA overvaker ein produsent typisk fleire filmar administrativt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frequently Asked Questions - Producers Guild of America». www.producersguild.org. Arkivert frå originalen 7. april 2010. Henta 19. mars 2017. 
  2. Producer Den Danske Filmskole. Henta 11. juni 2009 via web.archive.org