Fingerkniv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fingerkniv

Fingerkniv er ein type kniv som har vorte brukt under garn- og notbøting. Kniven er oppbygd av ein noko brei jarnring med eit framstikkande blad. Ringen har ein diameter som gjer at han passar på ringfingeren eller tummelen. Under garnarbeidet vert ringen tredd på fingeren på same handa ein har garnnåla. Bladet, som er om lag to cm, peikar opp frå fingeren. Når tråden skal kuttast treng ein ikkje legge vekk nåla. Ein kan bruke bladet på fingerkniven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øyvind Haram: Maritime knivar og eggjeverktøy KYSTEN nr 1 2010